HJEM | KONTAKT OSS | BLOGG | FACEBOOK | TWITTER ENGLISH
 
 
OM NORSK VISEARKIV
HVA ER EI VISE
OM VISER OG SANGER
PUBLIKASJONER
FORSKNING
BALLADER I NORGE
BIBLIOGRAFI
VISEKATALOGEN
ARKIV OG SAMLINGER
NYHETSBREV
LENKER

Arkiv og samlingar

Norsk visearkiv er eit arkiv for norske viser. Det samlar inn og tek vare på alle slag viser både gamle og nye. Dessutan har Norsk Visearkiv stoff om viser, visesong, visedikting og viseforsking.
Materialet i Norsk visearkiv er ordna i fleire ulike samlingar (boksamling, lydsamling, skillingstrykksamling og så vidare). Desse ulike samlingane er katalogisert i kvar sin katalog, og alle desse samlingskatalogane er bunde saman i eit viseregister.

Boksamlinga

Boksamlinga inneheld vise- og songbøker, dessutan ei handboksamling med oppslagsverk, viseforsking innan folkeminnevitskap og musikkgransking, generell kulturhistorie i tilknyting til viser og endeleg ein del årbøker og tidsskrift med tilknyting til emnet.
Storparten av boksamlinga består av norske vise- og songbøker. Eit mål for Norsk visearkiv er å skaffe seg ei så komplett samling som mogleg av dette. Særleg har vi lagt oss etter å få tak i sjeldne småtrykk, repertoarsamlingar, teksthefte frå revyar og liknande. Norsk visearkiv har også ein del utanlandske visebøker, særleg svenske og danske. Her legg vi ikkje vinn på å få noko komplett samling, men eit representativt utval vil vi gjerne ha.
Når det gjeld vitskapelege utgåver av folkeviser, har vi dei viktigaste også utanfor Norden. Storparten av boksamlinga er tilgjengeleg for folk som kjem på besøk.
Norsk visearkiv låner ikkje ut bøker frå samlinga si.

Handskriftsamlinga

Handskriftsamlinga inneheld for det meste handskrivne visebøker (repertoarbøker, slagerbøker, visesamlingar). Dessutan finst det ein del manuskript som skriv seg frå viseforfattarar eller komponistar. Storparten av manuskripta er frå 1900-talet, men vi har også nokre få som skriv seg tilbake til midten av 1800-talet.
Vi er svært interesserte i å få eller få kopiert handskrivne songsamlingar, klippsamlingar med visetekster er også interessant.

Skillingstrykksamlinga

Samlinga består for det meste av skillingstrykk produsert i Noreg, men sidan det var så liten forskjell i språket, vart det også selt ein del danske trykk her. Ein del slike trykk har hamna i Norsk visearkiv, mellom anna ei fin samling danske visetrykk knytt til den dansk-tyske krig.
Eit hundretals trykk skriv seg frå Theodor Roses arkiv. Rose var skillingsviseprodusent i Bergen i 1870 og 80 åra. Desse arkiveksemplara hans er dels hans eigne utgåver, dels trykk som han har kjøpt og gjort rettingar i før han gav dei ut som sine eigne. Dette arkivet gjev eit godt inntrykk av korleis skillingsviseprodusentane arbeidde.
Skillingsvisene var trykt på billeg, surt papir og dei er svært ømtålige og sprøe i dag. For å spare dei gamle trykka, har vi laga brukskopiar av heile samlinga. Ein del av desse kopiane er forstørra 141 %. Dette har ført til at mange av kopiane er lettare å lese enn originalane.

Musikktrykksamlinga

Denne samlinga består i stor grad av notetrykk med enkeltviser eller hefte med fleire songar i. Ein del av dei har arrangement for piano. Hovudsakleg består samlinga av eldre revyviser og slagerar som elles er vanskelege å få tak i.

Lydsamlinga

består hovudsakleg av LP-plater, kassettar og CD’ar, samt ei mindre samling spoleband med upubliserte opptak. Samlinga består av det vi kan kalle viseplater, men vi har også ein god del tilgrensande musikk som korsong, pop og rock. Hovudkriteriet er at teksten er på norsk. Det har vist seg å vere vanskeleg å få tak i eldre plater så platesamlinga har mange hol og manglar, også når det gjeld plater utgjeve i seksti og syttiåra.
Spolebandsamlinga består av konsertopptak, private opptak eller materiale innsamla frå munnleg tradisjon.

Anna materiale

Norsk visearkiv har ein stor del av arkivet til Visens Venner i Oslo. Denne foreininga vart stifta i 1944, og arkivet omfattar møteinnkallingar, medlemslister, korrespondanse (også med andre Visens Venner i Norden), konsert- og radioprogram og klipp, dessutan ei stor samling visetekster(delvis manuskript og delvis klipp).
Elles har Norsk visearkiv noko materiale av ulikt slag. Dette omfattar foto, program (teksthefte til konsertar og revyar vert rekna som småtrykk og hamnar i boksamlinga), plakatar, klistremerke, material frå visefestivalar, avisklipp og liknande.


  Norsk visearkiv © 2007 - e-post: info@visearkivet.no - Telefon: + 47 810 013 00