HJEM | KONTAKT OSS | BLOGG | FACEBOOK ENGLISH
 
 
OM NORSK VISEARKIV
HVA ER EI VISE
OM VISER OG SANGER
PUBLIKASJONER
FORSKNING
BALLADER I NORGE
BIBLIOGRAFI
VISEKATALOGEN
ARKIV OG SAMLINGER
NYHETSBREV
LENKER
Balladar & blue Hawaii

"Vil du meg lyde"
Balladsångare i Telemark på 1800-talet
Forfatter: Bengt R. Jonsson
Redaktør og medforfatter: Olav Solberg

Norsk visearkivs publikasjon 4 / Skrifter utgivna av Svenskt visarkiv

Boka er utgitt på Novus forlag, desember 2011 og kan bestilles her

Da folkeminnesamlarane kom til Telemark på 1800-talet, vart dei slegne av den rike vise- og songtradisjonen. Dei gamle mellomaldervisene – balladane – var framleis i hevd i telemarksbygdene, sjølv om tradisjonen var på hell. Men det var så som så med interessa for songarane. Så var dei da også fattige husmannsfolk, for det meste. Og samlarane hadde dårleg tid og brydde seg sjeldan om å spørje songarane ut om livet deira og om tradisjonen dei bar fram.

På denne bakgrunnen er boka du held i hendene, eit eineståande verk. Boka inneheld livsskildringar av om lag 450 balladesongarar frå Telemark på 1800-talet: storsongarar med eit omfattande og imponerande balladerepertoar, såvel som meir ordinære tradisjonsberarar. Dei levde i ei brytningstid der gammalt stod mot nytt; eksempelvis emigrerte Maren Olsdotter Ramskeid (f. 1817) til Amerika i 1852 – Maren som song den beste forma av Draumkvedet for Landstad.

Boka er eit grunnlagsarbeid for repertoarstudiar av den norske balladen og av tradisjonsutviklinga på 1800-talet. Den set songarane i sentrum og dokumenterer kva rolle slektstradisjon og geografiske tilhøve spela. Vidare er boka eit viktig bidrag til slekts- og lokalhistorie, og den er interessant og underhaldande! Boka er illustrert med eldre og nye foto.

 

< Tilbake til Publikasjoner


  Norsk visearkiv © 2007 - e-post: info@visearkivet.no - Telefon: + 47 23 27 63 40