HJEM | KONTAKT OSS | BLOGG | FACEBOOK | TWITTER ENGLISH
 
 
OM NORSK VISEARKIV
HVA ER EI VISE
OM VISER OG SANGER
PUBLIKASJONER
FORSKNING
BALLADER I NORGE
BIBLIOGRAFI
VISEKATALOGEN
ARKIV OG SAMLINGER
NYHETSBREV
LENKER

Kva er ei vise?

Vise er eit gammalt ord, men det er ikkje noko klårt avgrensa omgrep. Sjølv om vi har ei kjensle av at ei vise er mindre alvorleg og kanskje enklare enn ein song, er det ikkje noko klår grense mellom desse nemningane. Oftast vert vise brukt synonymt med song.

I Tyskland finst ordet Weise som for det meste betyr melodi, men det kan setjast samman til Volksweise og da betyr det folkevise som hos oss. Dette ordet er likevel ikkje så vanleg som vårt vise og i engelsk eller fransk har dei ikkje noko tilsvarande ord. Dei klarer seg med song, og chanson.

Innhaldet i ordet vise har endra seg gjennom tida. På 1800-talet og heilt fram til ca. 1950 brukte ein helst ordet song, mens vise vart brukt lett nedsetjande. Nidvise, rennevise, gatevise og skillingsvise er samansetningar som understrekar at det er ei mindreverdig, litt vulgær songform. Først etter 1944 klarte Visens Venner å gjera Den gode vise og Litterære viser til eit godkjent kulturuttrykk. 

Norsk visearkiv er ikkje interessert i å skarpdefinere omgrepet vise. Når ein song har tekst på norsk, er den prinsipielt interessant for oss. Likevel prioriterer vi ikkje black metal, rock, rap, jazzballader eller det klassiske romanserepertoaret. Det er det andre institusjonar som tek seg av.

Når vi likevel inkluderer noko av dette, er det både for å sjå arkivets ”kjernerepertoar” i samanheng og forhold til grenseområda og å halde diskusjonen open for framtida om kor vise- og songbegrepet startar og sluttar.


  Norsk visearkiv © 2007 - e-post: info@visearkivet.no - Telefon: + 47 810 013 00